med kategoriane førskole/småtrinn og små/mellomtrinn

tirsdag 25. november 2008

Pulverheksa og julenissen - Ingunn Aamodt

24 små kapittel om Pulverheksa og venene hennar. No er det snart jul og julenissen må finne ut kva dei ønskjer seg i gave, men det er vanskeleg å kome seg rundt når reinsdyret er i streik til første juledag.

Mine to oldemødre


Lisa Aisato N`jie Solberg har laga ei billdesbok om ei lite jente som har ei oldemor i Gambia og ei i Norge. Den eine kan ho besøke, den andre kan ho tenkje på og sankke med i telefonen. Eg likte både historien og tegningane - eg vart så glad av dei

Klabert av Tor Åge Bringsværd


Kven kan ordne opp når den største av dei tre bukkane bruse ikkje lengre ser å stange trollet i elva eller ulven ikkje lengre klarer å ete bestemora til Rødhette? Klabert, så klart !


Ei perle av ei høgtlesingsbok - like kjekk for unge som for gamle. Eg kan garantere at ho verkar mot både haustdepresjonar og høge renter !!!

Hund på kroken av Liv Marie Austrem

Endeleg ei lesetreningsbok på nynorsk med ei historie eg trur kan fengje både gutar og jentar.

Alba og Adam

Alba si bestevenninne Karin vil ikkje være saman med Alba og da blir Alba ven med Adam. Adam kjem frå Irak, han haltar og har ingen vener. Derfor vil ikkje Alba at dei andre skal vite at ho leiker saman med han og at dei har sitt eige språk og ein hemmelge stad i skogen. Men ein dag blir klassekameratene merksame på Alba og Adam og da skjer det ting.

Boka er skreven av Beate Grimsrud og Inger Alfven. Øyvind Torseter er illustratør.

Prinsessa i egget av Solfris Sivertsen


Da Maja skal lage frukost sprekk eit egg og ut kjem Gullfrid - ei ekte prinsesse fra Rosalandet. Gullfrid blir buande nokre dagar i dokkehuset til Maja før ho drar attende til Rosalandet. For Maja er det vanskeleg å halde på hemmelegheita om den lille prinsesse og halde henne skjult for mor og far for Gullfrid har ikkje lov til å bli kjent med store menneskje.


Fin fin høgtlesingsbok for små prinsesser !

fredag 14. november 2008

Den usynlege kona og andre forunderlege folk


Terje Jonassen fra Stjernarøy har skrive seks forteljingar om ekteparet Adrian og Brynhild. I den eine blir Brynhild usynleg, i ei anna finn dei ein liten mann på taket i ei tredje blir huset deira invadert av nokon og seksti spøkelse to dagar før jul. Denne boka vil eg anbefale som høtlesingsbok for litt eldre ungar, og eg trur ho er like morosam før både barn og vaksne.

Slemme barn


Det kan ikkje gå gale når Bjørn Ousland illustrerer Knut Nærum sine vers om slemme barn. Like bra går det derimot ikkje med alle barna.

Lovise får en venn


I bok nr. 2 om Lovise er ho flytta til byen, men det er trist å ikkje ha vener. Ein søndag reiser heile familien på museum. Der kjem Lovise bort fra mora, faren og broren sin, og ho trur det er eit uhyre i museet sin kjellar. Heldigvis er Saman og søstera hans også er på museet. Dei hjelper Lovise og Lovise og Saman blir vener.




Rita Løvseth Sandnes sine forteljingar om Lovise er dei beste bøkene eg har lese av "Den lille lesehesten".

mandag 13. oktober 2008

Hevnen

av Arne Berggren handlar om faren til Ola. Faren er forfattar og det er ofte pinleg for Ola. Etter eit veldig teit skulebesøk bestemmer derfor Ola seg for å ta hemn over faren og gje han ein skikkeleg lærepenge. Ei kjempemorosam bok for alle som har teite foreldre.

Mamma morgenheks

Kva kan ein gjere med ei mamma som er sur som et uhyre om morgonen ? Og stakkars bulldog Billy som skal på utstilling tidlig, tidlig.... Mona, Pelle og pappa prøver alt, men ingenting virker før pappa kjøper rosenrot. Eller kanskje det ikkje var rosenrota som hjalp ? Leseløve skrevet av Helene Uri. Jill Moursund har laget tegningene.

tirsdag 23. september 2008

Jakob og Neikob


Kari Stai har laga ei fantastisk fin biletbok om Jakob, som heile tida seier ja, og Neikob, som heile tida seier nei. Det vise seg at korkje det eine eller det andre alltid er like lurt.

Det er fleire bibliotekarar som trur denne boka er ein komande klassikar.

torsdag 4. september 2008

Kuvenninnene


Klar sturpen, gurgle halsen - raut !! Kuvenninnene er ein innertiar av ei biletbok av Annlaug Auestad.

tirsdag 2. september 2008

Garmanns gate


Garmann er redd for Roy i fjerde, og han tør ikkje seie nei når Roy vil at han skal rive av ei fyrstikk i hagen til Frimerkemannen. Det blir brann, men etterpå blir Garmann og Frimerkemannen vener. Og da blir det nifse etterkvart mindre nifst. Biletbok. Les også Garmanns sommer av Stian Hole - ho fekk brageprisen i 2006.

mandag 1. september 2008

Eg spør! Eg tør ?


To historier om bestevenninnene Emma og Hanna. I "Eg spør!" er Emma kjærast med Kristoffer og det synest Hanna er dumt. Ho legg ein plan for korleis ho også kan få følgje med ein gut, men det blir bere ball. I "Eg tør" er det slut mellom Emma og Kristoffer, og det er ugreit når ein skal på klassetur og må dele rom med den nye kjærasten. Eg trur mange kan kjenne seg igjen i desse to historiane.

onsdag 27. august 2008

Nikka går til skolen


Ei morosam og alvorleg bok om kor nifst det er å gå aleine til skulen, kor kjekt det er å få nye vener, og kor sint og lei seg ein kan bli når ein blir redd for å miste venene. Veldig kjekk høgtlesingsbok av Ragnhild Gjerstad

Løpet er kjørt

Ei skikkelig god og spanande krim-leseløve av Tore Aurstad.

Circus

Mare blir redda av Esmeralda fra å drukne og reiser vidare saman med sirkustruppen. Mare har ein dråpe tatovert på eine kinnet og han har mista hukommelsen. Kjempegod god bok av Ruben Eliassen - eg klarer nesten ikkje vente på neste bok i serien om Mare.

Flukten fra Utpost 4


Leseløve av Tore Aurstad om livet på Mars i år 117 etter første landinga. Lederne er korrupte og Daniel flykter fra Utpost 4 saman med venen Rikard. Boka er veldig lettlesen, veldig spanande og har veldig fine bilete av Olve Askim. Det kjem fleire bøker om livet på Mars.

Sagaen om Sigurd


Sagaen om Sigurd er skreven av Josefine Ottesen - forfattaren av Drageherren. Sigurd lever i vikingtida. I første boka blir han kjent med faren sin og lærer å bli kriger. Etterpå dreg dei saman ut på eventyr. Spanande og lettlesne bøker.

Tutomaten


Kvifor byggje ein maskin som tek imot tomme flasker når ein heller kan byggje ein som tek imot fulle ? Reven og grisungen veit kva dei vil ha - ein tutomat.

Bjørn Rørvik og Per Dybvig sine bøker om reven og den retthala grisungen er fantastisk litteratur. Vi har også lydbøkene.