med kategoriane førskole/småtrinn og små/mellomtrinn

tirsdag 3. mars 2009

Opp og ut


Ei fantastisk skjøn biletbok av Svein Nyhus. Ei lita jente (?) med illraudt hår er på tur mot havet. På vegen møter ho ein stor hulk og dei to går saman. Hulken er så redd for alt og alle dei treff, men ein dag ler han så mykje at han sprikk og ut kjem ein vanleg gut.

Nydelige bilder og nydelig historie om å få ein ven og overvinne redsle.

Roy


Enda ei god biletbok om vanskelege ting av Gro Dahle og Svein Nyhus.

Hunden Roy, guten sin beste ven, er død, og guten undrar seg over kor Roy er no. Grev han tunnellar i jorda, er han i hundeparadis, blir han gjenfødd - eller.... ?

Eg las boka rett etter eg hadde mista min eigen hund og oppdaga at ho var til trøst.

Knoterud FK


Kjekke leseløver av Lars Mæhle - på NYNORSK - om gutane, jentene, trenar og tilhengarar av verdas dårlegaste fotballlag - Knoterud FK.

Bøkene handlar ikkje så mykje om fotball som om humor og venskap.