med kategoriane førskole/småtrinn og små/mellomtrinn

onsdag 27. august 2008

Nikka går til skolen


Ei morosam og alvorleg bok om kor nifst det er å gå aleine til skulen, kor kjekt det er å få nye vener, og kor sint og lei seg ein kan bli når ein blir redd for å miste venene. Veldig kjekk høgtlesingsbok av Ragnhild Gjerstad

Løpet er kjørt

Ei skikkelig god og spanande krim-leseløve av Tore Aurstad.

Circus

Mare blir redda av Esmeralda fra å drukne og reiser vidare saman med sirkustruppen. Mare har ein dråpe tatovert på eine kinnet og han har mista hukommelsen. Kjempegod god bok av Ruben Eliassen - eg klarer nesten ikkje vente på neste bok i serien om Mare.

Flukten fra Utpost 4


Leseløve av Tore Aurstad om livet på Mars i år 117 etter første landinga. Lederne er korrupte og Daniel flykter fra Utpost 4 saman med venen Rikard. Boka er veldig lettlesen, veldig spanande og har veldig fine bilete av Olve Askim. Det kjem fleire bøker om livet på Mars.

Sagaen om Sigurd


Sagaen om Sigurd er skreven av Josefine Ottesen - forfattaren av Drageherren. Sigurd lever i vikingtida. I første boka blir han kjent med faren sin og lærer å bli kriger. Etterpå dreg dei saman ut på eventyr. Spanande og lettlesne bøker.

Tutomaten


Kvifor byggje ein maskin som tek imot tomme flasker når ein heller kan byggje ein som tek imot fulle ? Reven og grisungen veit kva dei vil ha - ein tutomat.

Bjørn Rørvik og Per Dybvig sine bøker om reven og den retthala grisungen er fantastisk litteratur. Vi har også lydbøkene.